Sol, sommar og minigolf

Publisert:

Samling av bilder fra minigolf som viser tre ulike spillere på ulike baner og poengskjemaet underveis

»Vi kjem til Stavanger i juni. Vi skal ikkje få til eit ekstra lokaltreff då?» spurte eg Hallfrid, og ho var med. Kort tid etter hadde ho søkt Randi om støtte og invitasjonen var ute.

I juni konkurrerer ein med mange sommaravslutningar og anna moro, og både turen til Hovedøya i Oslo og grillinga på Hove hadde få påmeldte. Denne søndagen i Stavanger glimta til med sol og 25 grader. Likevel var vi sju stykk som tok turen inn på Stavanger Camping for minigolf og pizza. Her imponerte rogalendingane!

Vi fekk god tid til å prate ved dei ulike banene, sidan vi berre sporadisk traff der vi tenkte og stort sett brukte mange slag. Pizzaen dukka opp midt i, så vi fekk oss ei velfortjent pause og nokre gode likepersonsamtaler. Etter påfyll av energi, avslutta vi med stil, og Erik gjekk av med sigeren.

Har du lyst å bidra til lokale aktiviteter? Ta kontakt med lokale likepersonar dersom du er eller skal ein tur i området deira. Dei set stor pris på å kunne arrangere saman med nokon, og i verste fall må du bidra med å skrive nokre ord, slik eg (Hilde) gjer litt forsinka no. Nytt til neste år er at foreininga også har pengar til å kunne sende likepersonar til andre delar av landet, så kanskje blir det lokale aktivitetar også der du held til?